Etter ein reise som gjekk over all forventning, var eg tilbake i Noreg, eg var heime igjen etter 7 månder i Uganda. Sjølv om eg liksom skulle vær heime i kjente og kjære omgivelser, følte eg meg som ein frammand. Senga mi var alt for komfortabel, det er roleg over alt, det er opent landskap over alt og «alle» er ute å sykkler og trener til nordsjørittet.

På torsdagen føltes alt frammand, på fredag var ting litt meir kjent, lørdag starter ting å kjennes normalt og i dag føler eg faktisk for første gong sidan eg kom heim, at eg er heime. Det er ein forandra Kaia som kom heim frå Uganda. Eg har lært utruleg mykje om andre mennesker, om meg sjølv, om uviklingsarbeid, fått mange og gode venner og rett og slett blitt forma av den ugandiske kulturen. Norge er mitt heimland, men eg så heldig at eg nå har to land som eg kan kalle heime……

Reklamer