Den siste tida har eg hatt veldig blanda følelsar. Heimreise til Noreg nærmar seg med stormskritt og det skal bli godt å komme heim til familie og venner. Samtidig er eg ikkje klar for å reise frå Kampala og Uganda. Dei 6 månadane eg har vore her har betydd utruleg mykje for meg. Eg har fått mange nye og gode venner, lært mykje om utviklingsarbeid og CHRISC, opplevd ein ny og spennande kultur og vokset som person.

 På infield i slutten av januar, bruka me litt tid på å tenkje over kva opplevingar me ville sitje igjen med etter 7 månader som act nower i Uganda. Eg skreiv at eg ville at dagane mine skulle være lærerike, utfordrande, spennande, givande, fylt av glede og ugandisk kultur. Når eg nå ser tilbake på den tida eg har vore her i Uganda, er det akkurat desse orda som beskrive dagane mine. Det har ikkje alltid vore lett å bu i Uganda, langt borte frå familie og venner i Noreg, eller det å arbeide innanfor ein anna kultur og med heilt andre måter å gjere ting på. Ofte er det dei tinga som har frustrert meg mest, som eg ser tilbake på med det største smilet, som for eksempel ungdomstreningane i Mulago. Eg har aldri vore SÅ irritert, som når alle kjem sånn 1- 2 timer etter at me eigentleg skulle møte, og eg har fått utfordra meg sjølv som enten fordragsholder om diverse team som leiarskap, team building, HIV/AIDS og miljø eller som fotballtrener for guttar som er eldre enn meg. Men det er frå nettopp desse treningane at eg har nokon av dei beste minna frå tida mi her i Uganda, me har hatt vannkrig, samarbeidleikar, ledd og spelt fotball. Er det ein ting eg har lært her nede er at når du må bryne deg litt for å nå eit mål, er det mykje kjekkare å nå det målet når du endelig klarer det.

 Nå skal eg nyte dei siste tre vekene i Uganda til det fulle, og me har planen klare. For før me setjar oss på flyet til Noreg skal me først til Mbale ein siste gong. Der skal me ha life skills training med nokon ungdommer, eg skal spele meir handball, me skal i Tom sin introduction og me skal sei hade til alle våre kjære venner i Mbale. Etter Mbale setjer me kursen for Kisoro, kor me skal ha førstehjelp seminar og sjå korleis det har gått med dei ungdommane som me trente i life skills før jul. Ikkje minst skal eg kose meg med ungane på skulen og ungdommane i Mulago og dei konge menneskene som arbeider på Stromme kontoret i Kampala.

Reklamer