Skuleferien er over, og me og alle elevane er tilbake på St Martin. Veldig godt å møte alle igjen etter ein lang ferie. Timeplanen vår er ikkje heilt fastsett ennå, så enn så lenge tar me det litt som det kjem og bare har mange leiker med dei. Medan me hadde P4 sist veke, var det ein gut som ikkje ville være med å leike. Når eg gjekk bort for å snakke med han og spurte kvifor han ikkje ville være med, fekk eg dette svaret: «I`m hungry, I dont have energy to play»

Sjølv om eg heile tida har vist at det er mange av ungane på St Martin som har det tøft, var det eit slag i ansiktet å høyre det. Men kanskje det aller verste med det var følelsen av hjelpeløyse t. Klart eg kunne kjøpt noko mat til guten, slik at han kunne vore mett den dagen, men kva skulle eg gjort med alle dei andre ungane som også er svoltne fordi familien ikkje har råd til mat? Av og til blir eg bare heilt overvelda av kor hjelpelaust alt følast og at det å vær unge i Uganda ikkje alltid gir deg rett til det som me i Noreg ser på som heilt grunnleggane for eit barn, nemleg det å mett, og ha energi til å være med dei andre i klassen å leike.

 

Reklamer