Det å flytte for seg sjølv er ikkje bare bare. Du må rydde, vaske og lage maten din sjølv. Og viss du flytter for deg sjølv for første gong i Afrika, er det mange ting du fort savner. For min eigendel, er savnet etter vaskemaskinen det største. På Hald var det liksom stress å setje på dei to maksinane i veka, for så å henge opp kleda eller legge dei i tørketrommelen. Men det er litt meir arbeid å vaske alle klede for hand, dette har resultert i at viss det er ein flekk på singeletten eller buksa, fungerer det heilt fint å bruke dei ein dag til. Men me blir betre å betre til å vaske, men Peter forstår ikkje kvifor me ikkje fekk eit vaskekurs på Hald. Med alle dei ulike måtane å forbrede oss på uteoppholde, glømte dei kanskje det viktigaste, nemleg korleis klare seg utan vaskemaskin. Ein ting er i allefall sikkert, eg skal ikkje klage på at eg må setje på ein eller to maskiner i veka med kleder når eg kjem tilbake til Noreg.

Kanskje eit litt svart bilde på livet uten vaskemaskin, for me klarer oss eigentleg veldig fint, etter å ha fått litt vaskeundervisning av dei supre guttane våre

!

Reklamer