Den siste månaden har eg lest Afrika, en vakker dag av Tomm Kristiansen. Det er ein utruleg fascinerande og spennande bok, som gir deg eit annerledes bilde av Afrika. Boka tar blant anna føre seg folkemordet i Rwanda og situasjonen etter 1994 i Rwanda og nabolanda. Det var utruleg sterkt og lese korleis naboar og venner kunne drepe kvarandre fordi dei var av feil folkegruppe. Sjølv om dette er ein grusom handling, skildra forfattaren konflikten med ein verdigheit som er imponerande og gir rom for ettertanke. Han gir verkleg lesaren eit innblikk i kva som skjedde dei 100 dagane i 1994, kor venner og familie drap kvarandre med machetar og Lake Victoria var full av lik.

Men dette er ikkje min kvardag i Afrika. Dette var noko som skjedde for over 10 år sidan i eit anna land. Men plutseleg på vei heim frå jobb møter eg ein kar som spør om eg snakkar engelsk eller fransk. Han viser meg id kortet sitt som seier at han er flyktning frå Rwanda som bur på eit flyktning prosjekt her i Kampala. Johnbosw er hutu og flykta til Uganda etter folkemordet. Faren hans sit i fengsel i Arusha og venter på rettssak etter folkemordet. Resten av hans familie flykta til Kongo, kor dei blei drepen av tutsiar som hemn etter folkemordet. Johnbosw kan ikkje reise tilbake til Rwanda, fordi då vil han bli arrestert, mistenkt for folkemord. Her står han, i enden av mi gata i trygge Kampala og spør etter litt pengar slik at han kan kjøpe seg eit teppe til å ha over seg når han søv.

Kva skal ein gjere når ein flyktning som du ikkje veit om har vore ein del av noko av det grusommste verda har sett, ber om pengar til å kjøpe eit teppe for å holde varmen om natta? Eg klarte ikkje gå i frå han. Sjølv om eit veit at eg ikkje burde gi han pengar, er det lettare sagt enn gjort. Så nå er det store spørsmålet, gjekk dei shillingane til stakkar flyktning utan familie eller ein folkemordar som drap landsmenn med machetar.

Reklamer