Det å leve i ein anna kultur har allereie gitt oss nokon utfordringer. På skulen som me arbeider har me 3-5 kl i gym og lifeskils. Denne veka tenkte me at me ville fokusera på koordinasjon og fair play i gym timane. Så me kjørte i gang med kortstokk staffet og tenkte at dette skulle går bra. Men det viste seg at ikkje alle afrikanske unger er klar for at når me har staffet, så er det bare ein og ein om gongen som skal springe. Så midt i staffeten starter plutseleg alle å springe for å snu kort. Når alle først har starta med å springe fungerer det ikkje å få dei til å følgje reglane igjen.

Nå har me hatt det same opplegget i 4 ulike klasser og nesten alle klassane har midt i leiken starta å springe fleire for å hente kort. Det er eigentleg ganske frustrerande å være lærar når ungane ikkje følgjer enkle reglar og gjer slik me seier. Men me har vell eigentleg funnet ut at når ting ikkje går som me har planlagt er det bare å gjere det beste ut av det. Så derfor har me funnet ut at me kan bruke kortstokk staffeten til å vise ungane at det er kjekkere å ha leikar når dei følgjer reglane!

Sånn ellers står det veldig bra til her i Uganda! Det er veldig herlig å kjenne at me høyre heime her og at me ikkje skal være på ferie i 7 månder!

Reklamer